onsdag 13. september 2017

Lagnaden til ei hodelykt

Soge om ei hodelykt i 3,5 akter, og stor takk til Nokas på Sartor! 

Første akt: laurdag 10. september 2016

Ein stor og festlig dag. Eg fyller 50 år og ei veke og markerer det med stor fest på Bibelskulen. Mykje gildt folk og mange flotte presangar, m.a. to hodelykter som også kan nyttast som sykkellykt.

Andre akt: fredag 8. september 2017

Som vanleg syklar eg til jobben, og brukar den veldig gode lykta som sykkellykt. Etter jobben skal eg rett til by'n på kulturnatt i lag med Bjarnhild. Eg syklar derfor rett ned på bussterminalen på Sartor, låser sykkelen til sykkelstativet, og springer til bussen. Etter mange flotte opplevingar i by'n spaserer me til Bjarnhild sin jobb der bilen står og kjører heim.

(halv akt: måndag 11. september 2017)

Eg er i Oslo på valdagen og anar ingenting om "dramatikken" rundt sykkelen. Jauda, eg har førehandsrøysta. 

Tredje akt: onsdag 13. september 2017

Etter 2 dagar på kurs i Oslo skal eg igjen på jobb på ImF på Sotra. Som vanleg går eg ut i boden for å henta sykkelen. Men der står det ingen sykkel. Hm, kan eg ha sett den i garasjen? Nei, ikkje der heller.

Då er det berre å gå inn på "Din tidslinje" på Google Maps og sjekka korhen eg sykla sist. Google trur at eg har sykla til jobben og etter jobb kjørt bil innom Sartor og deretter til by'n, men er legger til litt hukommelse og forstår at eg nok har sett frå meg sykkelen på Sartor for nesten ei veke sidan. Eg satsar på at den står trygt, og spaserer til jobb med planer om å henta sykkelen etter jobb.

Etter jobb spaserer eg ned på Sartor for å henta sykkelen. Då eg svingar inn på bussterminalen ser eg at sykkelen står akkurat der eg sette den frå meg. Eg låser opp låsen og har akkurat festa den til ramma, då deg ser at det også er festa ein gul lapp til ramma. Hm, tenkjer eg (omlag som eg gjorde om morgonen då sykkelen var vekke), er det ei åtvaring om at sykkelen har stått der vel lenge? Nei, det er info frå vaktselskapet: "Hei! Lykten din ligger på vekterkontoret. - Nokas".

Javel, tenkjer eg på veg mot vekterkontoret, er dette generell sykkelomsorg frå Nokas? Meir rekker eg ikkje å tenkja før eg bankar på og får utlevert lykta saman med den "dramatiske" soga lykta har vore utsett for to dagar tidlegare. Då har vektarane frå Nokas observert ein kjenning av politiet som er nekta tilgang til senteret grunna stadige tjuverier. Dei ser at han har med seg to syklar (ikkje min, den står trygt låst), og har stø kurs mot sykkelstativet. Dei varslar politiet og følgjer med på kva mannen har i gjære. Han startar med å fjerna alle lause gjenstander frå syklane som står der. Vektarane får då hjelp av politiet som får tatt mannen på fersken, og Nokas tek vare på lykta som såg litt dyr ut. 

Alt gjekk altså bra, men litt leit å tenkja på kva traumer lykta har vore utsett for utan at eg har ofra verken den eller sykkelen ein tanke. Og stor takk til Nokas som tok vare på lykta! Neste gong brukar eg heller tid på å ta av lykta sjølv om det skulle medføre at bussen kjører utan meg. 

tirsdag 30. mai 2017

Reiseblogg Gdansk

- Hallo, eg lurte på ein ting: Har du huska å ta med pass?
- Nei!
- Eh, kva sa du? Har du huska å ta med pass?
- Nei!
- Eh, då må du nesten kjøra heim og henta dei. Korhen er du no?
- I Knappetunnelen.
- Å!

Dag 1, Avreise - 24. mai

Reise

Eg sit ved Circle K ved Bergen Lufthavn Flesland og ventar på Bjarnhild som kjem direkte frå jobb med bilen. Ho køyrer via Knappetunnelen for å unngå kø. Eg tenkjer gjennom kva me må gjera før me kjem oss av garde. M.a. det med pass. Klokka er 14.55 og flyet til Gdansk går kl. 17.00.

Tidlegare på dagen har eg pakka jobbsekken og reisesekken, medan Bjarnhild tok kofferten med seg på jobb. I reisesekken har eg m.a. mine toalettsaker pluss litt reisemat (ost og juice). Planen var å ta bussen kl. 14 frå Straume og samtidig stikka innom senteret for å kjøpa nye batterier til bagasjevekta. Sidan eg (som vanleg) er litt seinare ferdig på jobb enn planlagt, må eg pakka om sekkane litt fort (det som skal med på turen i reisesekken og denne oppi jobb-sekken). Toalettmappa som skal i kofferten tek eg i handa.

På veg ut av huset vil eg sjekka nøyaktig kva batteri eg skal kjøpa slik at det går raskt, og ser på huskelista at eg må huska å ta med ost og juice som eg har lagt i kjøleskapet på jobben. Full fart tilbake, taper ikkje meir enn 3-4 minutter (og huska toalettmappa som eg sette frå meg utanfor døra før eg sprang innatt). Puh! Eg rekker både å kjøpa batteri og ta bussen til flyplassen. Ost og juice legg eg i ein pose saman med toalettmappa klar for ompakking på flyplassen.

Så sit eg på ein benk utanfor bensinstasjonen (med pose og sekk) og tenkjer gjennom den vidare reisa. Etter ein kort og hektisk telefonsamtale med Bjarnhild finner me ut at ho rett og slett må kjøra heim til Sotra i ettermiddagsrushen for å henta passa. På magisk vis unngår ho dei verste køane, yngstemann kjem henne i møte for å spara tid, ho returnerer til bensinstasjonen, eg tek ut kofferten og legger jobbsekken inn i bilen, ho køyrer for å parkera, og eg går til flyplassen med sekk og koffert for å sjekka inn bagasjen. Klokka er no 15.45, siste innsjekk er 16.20 og oppmøte ved gaten 16.30. Dette bør gå bra, og det gjorde det.

Inne på flyet, letta over at alt faktisk har gått så bra som det gjorde, kjem eg til å tenkja på posen med toalettsaker, juice og ost. La eg den i kofferten, eller ligg den igjen ved benken utanfor bensinstasjonen?

Ankomst

Framme på flyplassen i Gdansk finner me rett buss (etter å ha kontrollert at innhaldet i posen ikkje ligg i kofferten), vert godt mottatt i ein flott, gammal leilighet midt i gamlebyen, og kan endeleg slappa av og nyta resten av opphaldet.

På kvelden får me oss ein matbit på Restauracja Sapore før me tek me ein rusletur rudt i gamlebyen.
Mariakirken (Bazylika Mariacka)

Rådhuset


Dag 2, Gdansk - 25. mai


I dag er dagen eldstemann heime skal henta posen frå i går på bensinstasjonen. Då er det kapittelet ferdig.

Her i Gdansk har me ingen planer, men startar å gå mot marinaen ved Motława. Då får me sjå hovudgata Dłluga og Dłlugi Targ i dagslys.
Flotte fasadar i Długi Targ
I enden av marinaen ser me ein båt som dei hadde gløymd å ausa:

 før me tek ferga over og får med oss dette obligatoriske fotomotivet:
 

I nærleiken av Katarinakyrkja (Kościół św. Katarzyny) får me tilbod om ein guida tur rundt i byen. Prisen er lav og sjåføren er hyggeleg, så me slår til. Då får me med oss m.a. desse spennande attraksjonane:
Brua over kanalen med kjærlighetshengelåsar

Marknaden Hala Targowa.

Solidaritetssenteret
Monumentet for dei falne skipsverftsarbeidarane
Utsikta frå milenniumskorset (Krzyż Milenijny)
 Etter spa og ein pause kjem me over dette grøne alternativet:

før me tek ei rusletur igjen og endar på på Hard Rock Cafe.

Til slutt ruslar med ned til elva igjen og får sjå på nært hald dette grøne huset:
Dette grøne huset

Dag 3, Gdansk - 26. mai



Me startar dagen med ein tur innom rådhustårnet og får sjå store deler av byen.
"Legoland" aust for Mariakirken
Så sykla me ut til Westerplatte der andre verdskrigen starta.
Monumentet på høgda

Nigdy więcej wojny - Aldri meir krig
Etterpå reiser me ut til Galeria Bałtycka før me kjem over desse flotte lyssette fontenene på vegen tilbake:




Dag 4, Heimreise - 27. mai


Dagen startar med å pakka bagasjen. Kofferten var vel tung, og eg byrjar å leita etter bagasjevekta. Eg kan ikkje hugsa å ha sett den etter at eg tok den ut av sekken på jobben før avreise for å sjekka kva batteri den skulle ha. Jaja, den kan neppe vera meir enn 25-26 kilo, og garantert ikkje over 30, og grensa var på 32, så det bør gå.

Deretter ruslar me litt rundt i byen for å få med oss dei siste inntrykka (og butikkane) før me returnerer til flyplassen med ein stadig meir passasjert buss.
Same fontena i dagslys
På innsjekkings-køen på flyplassen ser me at det på eine billetten stod 32 kg. bagasje ikkje inkludert og på den andre 23 kg. inkludert. Når då bagasjen veg 29,9 kg vert det ca. 250 kr. å betala for overvekt pluss bittelitt stress med klokka sidan me måtte ut av køen og bort til billettluka.

Vel inne på flyet tek eg meg i å undra meg på kvifor "Fest setebeltet"-skiltet står på 3 språk og "Flytevest"-skiltet står på 4 språk.


Dag 5, Ettertanke

Kva sit eg igjen med etter turen? Jau, ein plastpose med: toalettsaker, oppvarma ost og juice og ei pakke med batterier til bagasjevekta.