mandag 30. mars 2015

Erfaringar etter ei veke utan skjerm

Bakgrunn

Sidan eg registrerer at mi merksemd mot dei rundt meg vert hemma av min skjermbruk, ser eg at eg trenger eit spark bak, slik som det tiltaket Familie & Medier kvart år dreg i gang med "Skjermfri uke" for å verta meire bevisst på eigen skjermbruk.

I løpet av denne veka (som varte frå fredag 20. mars kl. 16 til fredag 27. mars kl. 16) er tanken å avstå frå all bruk av skjerm (TV, PC, mobil, nettbrett), unntatt nødvendig bruk på jobben.

Førebuing

Eg starta bra: Eg tenkte først: "Kva trenger eg i løpet av denne veka som ligger inne på PC-en eller mobilen?" Dernest tok eg utskrift av kalenderen i dette tidsrommet, andakten eg skulle ha på bedehus-basaren, kontoutskrifter (greit å ha kontroll) og nødvendig kontakt-info eg trengte i valgkomiteen i velforeninga. Til slutt måtte eg fullføra mine rundar i Quizkampen og Wordfeud i forhold til svarfristane i løpet av den veka som låg framfor.

Sånn! Då var eg klar til ei veke utan skjerm.

Resultat

Det fungerte stort sett i utgangspunktet bra. Sidan eg var åleine om skjermfri veke ville det verka mot hensikta å trekkja meg vekk frå familien og gjera andre ting når kvelden sig på og TV-en kjem på. Så eg sat i "feil sofa" med ryggen mot TV-en og skreiv og las medan dei andre såg på TV.

Men det dukka jo opp ein del situasjonar der eg fann det nødvendig / hensiktsmessig å likevel fokusera på ein eller fleire skjermar.

Fredag

Akkurat denne dagen kom det ny mobil i hus. Innehavaren trengte sjølvsagt hjelp til å setja denne opp. Det var også viktig å hjelpa til med å finna eit godt mobil-deksel på nettet.

Laurdag

Dagen starta med eit varsel frå server-overvåknings-appen på mobilen. Ikkje noko uvanleg, men det måtte sjekkast at alt var normalt. I tillegg var det denne bedehus-basaren same dagen eg måtte få sett inn pengar frå loddbøkene på via bank-appen. Samstundes måtte eg førebu søndagsskule-samlinga dagen etter. Her ligg alt på nettsidene til Søndagsskolen Norge.

Til slutt hadde me tenkt å avslutta dagen med kino (det rekna eg som sosialt og skjermfritt), men det vart ikkje noko av, så me såg ein episode av ein TV-serie me hadde tatt opp. Det var ein sosial og fin ting.

Søndag

Søndag starta med søndagsskule (dvs. søndagsring). Her brukar eg alltid PC. Dagen fortsette med skiskyting på radio. Det var veldig uvanleg å ikkje kunna sjå resultata fotløpande på skjermen, og heller ikkje ha tilgang på aktuell status på mobil eller PC.

På ettermiddagen var det kyrkja sin store faste-aksjon. For å enklast identifisera meg som sjåfør for konfirmantane som skulle samla inn, fann eg det mest hensiktsmessig å skriva mitt sjåfør-nummer med stor skrift på mobilen og halda den i vêret. Det vart øgså nødvendig å utveksla mobilnummer på mobilen i staden for på papiret sidan eg hadde lånt vekk kulepennen min. Også ute i felten var kartet på mobilen god å ha.

Elles brukte eg kun mobilen til å observera og fjerna varsel om Wordfeud og Facebook-oppdateringar, samt såg 2 episodar av ein TV-serie me hadde tatt opp. Det var ein sosial og fin ting.

Måndag

Øvrig familiemedlem er stadig inne på nettet for å finna betre alternativ for overnatting til sommarferien. Her er det viktig å tre støttande til. Elles vart dagen avslutta med ein episode av ein TV-serie me hadde tatt opp. Det var ein sosial og fin ting.

Tysdag

Denne dagen fann eg det nødvendig / hensiksmessig å sjekka bakgrunnsinfo på nettet etter noko eg las i avisa. Når det gjelder lese-aktivitet har var eg no ferdig med jule-lektyren og hadde tatt fatt på Bibelen. Her er det mange gode ressursar på nettet som kan kasta lys over det ein leser.

Onsdag

Hadde ikkje fått førebudd meg til  eit utvalgsmøte på ettermiddagen pga. skjermfri. Måtte derfor ha med meg PC-en på møtet. På bibelgruppa seinare på kvelden fann eg det nødvendig / hensiksmessig å sjekka opplysingar på mobilen i forhold til eit av dei spørsmåla me hadde oppe.

Torsdag

Det tikka inn ei Messenger-melding på mobilen som eg henta inn på Facebook på PC-en. Det var for så vidt jobb-relatert, og eg fann det hensiktsmessig å vidareføra samtalen der.

Fredag

Mesteparten av dagen var eg på jobb, og vel heime var eg opptatt med andre ting fram til klokka vart 16.00 og skjermfri veke var overstått.

Korleis opplevde eg det?

Det var både behageleg og frustrerande på same tid. Det var behageleg å sleppa å sjekka mobilen heile tida for oppdateringar på Facebook, Wordfeud, Quizkampen og Twitter. Men det var litt frustrerande å ikkje kunna spre t.d. forhåndsannonsering av dei TV-sende påskegudstenestene frå kyrkja vår, og heller ikkje kunngjera begeistringa i etterkant.

I tillegg trudde eg at eg denne gongen var såpass godt førebudd at eg skulle klara meg heilt utan skjermbaserte hjelpemidler i motsetnad til førre gong. Eg er nokså skuffa over at det glapp såpass tidleg og at det dermed glei litt ut på slutten då eg sjekka fleire ting som ikkje var nødvendig / hensiksmessig. Likevel opplevde eg det som positivt å avslutta dei første dagane med ein episode eller to av ulike TV-seriar me hadde tatt opp. Det var ein sosial og fin ting.