mandag 12. oktober 2009

Det hadde jo vore litt greit å hatt ein eigen blogg. Sånn at eg kan dela tankar som dukkar opp i hovudet. Alle har eit uttrykksbehov, enkelte meir enn andre. Personleg likar eg veldig godt å verta sett, og kvir meg i liten grad for å stilla meg ut.

Så dermed er det gjort. Mine første tankar er komne på trykk. Det vert nok fleire. Om nokon er interessert i å lesa mine fabuleringar er mindre interessant. Eg er i alle fall "der ute".